Fra Årdal Energi

26 branndøde i Sogn og Fjordane sidan år 2000

I perioden 2000 til 2015 var det 768 bygningsbrannar i fylket. Dei mest brannfarlege månadene var januar med 95 brannar, og desember med 93. I år har éin person omkome i brann i Sogn og Fjordane.

Det er i stor grad personar som høyrer til risikoutsette grupper, som mistar livet i brann. Særleg gjeld dette eldre menneske, som ofte ikkje er i stand til å ivareta eigen branntryggleik.

I vintermånadene, og ikkje minst i romjulsveka, er det mange fleire brannar enn elles i året.

— Den auka brannhyppigheita i jula har samanheng med stor aktivitet i dei tusen heimar, med auka bruk av elektrisitet, matlaging, levande lys og peiskos, i mange tilfelle i kombinasjon med alkoholbruk, seier Bjørn Hunshammer ved Det Lokale Elektrisitetstilsyn (DLE)

Røykvarslar er det viktigaste utstyret for å redde liv

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg. Nytt av året er at du må ha minst ein varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er stengt. DLE anbefaler også røykvarslar på soverom.

Foto: Flickr/ State Farm
PASS PÅ: Brann ved koking er den desidert største årsaka til bustadbrann. Foto: Flickr/ State Farm.

— Bustadbrannar som tek liv, skjer som regel om natta, og halvparten av alle dødsbrannar skjer i bustader der røykvarslaren ikkje fungerer. Du bør gjere det til ein vane å jamleg sjekke om røykvarslaren fungerer, gjerne ein gong om månaden, seier Gaute Johnsgaard, Brannsjef i Årdal og Lærdal.

 


11 enkle kontrollpunkt som aukar branntryggleiken betrakteleg:

  1. Sjekk røykvarslar og brannslokkingsapparat.
  2. Vær merksam ved bruk av stearinlys, fyring og bruk av open eld.
  3. Sjekk inntakssikringar (plassert under sikringsskap, på loft eller i kjellar): Er dei unormalt varme? Skrusikringar må strammast til.
  4. Sjekk sikringsskap: Er sikringar unormalt varme? Skrusikringar må strammast til.
  5. Vær merksam ved bruk av skøyteleidning. Desse skal ikkje nyttast til varmeovnar.
  6. Sjekk skøyteleidningar, er dei utsatt for skade? skift ut dei som er gamle og/ eller øydelagte.
  7. Sjekk leidningar, stikkontaktar og støpsel.
  8. Sjekk varmeomnar, ladarar og anna elektrisk utstyr.
  9. Vær merksam ved koking: Brann ved koking er desidert den største årsaka til bustadbrann.
  10. Vær merksam ved bruk av kaffitraktar og vannkokar
  11. Ved mistanke om feil ved det elektriske anlegget, IKKJE VENT! Ta kontakt med elektrikar.

— Utfør eigenkontroll hjå deg sjølv og din næraste familie. Innsatsen din kan vere med på å redde liv, seier Hunshammer.

www.sikkerhverdag.no finn du nyttig informasjon om komfyrvakt og andre tiltak som betrar branntryggleiken.

Kontaktpersonar lokalt:

  • Årdal Energi DLE v/Bjørn Hunshammer tlf. 57 64 86 00
  • Årdal Kommune brannsjef v/Gaute Johnsgaard tlf. 57 66 50 00