Fra Årdalsnett

Har du kontroll på nettbruket til barnet ditt?

Er du i tvil om kva for regler de skal ha heime? Kva som er trygt? Korleis du skal halda på kontrollen? Her er nokre råd på vegen.

At born brukar internett er uungåeleg. Det er PC, nettbrett og smarttelefonar over alt. Om dei ikkje får lov heime gjer dei det på skule og hjå vener. Prøv å tenk litt på internett som verda elles; du vil ikkje sleppa barnet ditt ut på eiga hand i verda utan rettleiing og støtte, vil du vel? Helst vil du vel vera med på ferda?

Læring
Der vi før brukte leksikon, er det ikkje den tingen du ikkje får svar på via internett. Der ein del av oss vaksne enno ikkje heilt har skjønt det, er dette den einaste røyndomen for borna våre. Dei kan supplera kva som står i skulebøkene og tilfredstilla eiga trong for læring i alle fag, og på denne måten òg gjera det meir interessant og spennande. Born og unge er alltid fulle av spørsmål, og det er ikkje alltid foreldra sit på alle svara. I staden for å koma til kort; Søk saman på nett, og lær noko nytt saman. Og få ei hyggeleg stund for familien samstundes.

Fritid
Mange spel er laga for å fremja skulelærdom. Kreative spel som gjer læring meir morosamt og kanskje til og med meir logisk. Mange born er glade i musikk, og det meste av musikk finst på nett; via YouTube, Spotify, Tidal og andre stader. Lydbøker kan lastast ned. Har bornet ditt ein hobby, som til dømes teikning, musikk, foto eller fotball, ligg det store gratis ressursar i form av kurs og læringsvideoar der ute. Nettet er fullt av lærdom, det handlar berre om å bruka det riktig og finna fram i jungelen.

Nettvit
Er du med borna frå start av på nett, og er i nærleiken når dei brukar det, vil borna læra å bruka netta riktig via rettleiing undervegs. Samstundes er det viktig å prata om korleis det fungerer og korleis sjølv oppføra seg, særskild i møte med sosiale medium og stader som har nokon som helst form for kommunikasjon;

  • Legg ikkje ut eige namn, kva for ein skule ein går på, der ein bur eller telefonnummer.
  • Legg ikkje ut bilete av andre personar utan løyve, det er faktisk lovbrot.
  • Legg ein ut bilete av seg sjølv (bør ikkje gjerast av born), er det viktig å vita at alle kan sjå dette, og at det kan verta på nett til evig tid.
  • Tenk på kva du skriv og korleis du ordlegg deg; ikkje skriv noko på nett som du ikkje ville ha sagt til nokon andlet til andlet, vêr høfleg og tydeleg, fordi ord utan andletsuttrykk fort kan misforståast.
  • Sei frå til ein vaksen om nokon seier eller gjer noko på nett du er ukomfortabel med.

Born vert freista
Årdalsnett tek tryggleik på alvor, og meiner at vi no må læra opp dei komande generasjonane på riktig måte.

– Små og mellomstore born bør ikkje vera åleine på nett. Det finst aldersgrenser på ulike sosiale medium, men her handlar det mest av alt om kor modent barnet er og kva både du og barnet sit på av kunnskap. Men eit par ting er ekstra viktige å tenkja på, forklarar dagleg leiar i Årdalsnett, Odd Øren og held fram;

– Barn og ungdom blir freista til å kjøpa tilleggsmodular, poeng, fordelar og mykje anna. Det er enkelt å betala med kort og/eller telefon, og lett å mista kontrollen. Ta ein prat med borna om dette, slik at dei ikkje vert lurde eller du får ei lite hyggeleg overrasking på telefonrekninga.

I staden for å koma til kort; Søk saman på nett, og lær noko nytt saman. Og få ei hyggeleg stund for familien samstundes.
I staden for å koma til kort; Søk saman på nett, og lær noko nytt saman. Og få ei hyggeleg stund for familien samstundes.

Nedlasting
Mykje av underhaldninga vi nyttar oss av finn vi no på internett.

– Mange lastar ned film, musikk og anna frå nettet, og det er lovleg når det går rett føre seg. Men mange er ikkje klar over at fildelingsprogram (til dømes BitTorrent) installerer seg slik at filmar og anna programvare vert lasta ut att frå maskina di, til andre på nettet. Og det er som regel ulovleg, og kan få økonomiske konsekvensar for fildelaren, understrekar Øren.

Til sist handlar det, som i så mye anna, om å ha ein open dialog med borna sine. Som vaksen bør ein setja seg inn i det på eiga hand, ikkje driva skremselspropaganda, men la borna skjøna kva det handlar om og kva ein må passa seg for. Som jo òg gjeld i livet elles. Så lenge borna er små bør det vera greitt med ein regel der mor og far har innsyn i alt, kjenner alle passord og kan sjekka logg om ein skulle vera usikker.

Barnevakten.no har mange gode råd til foreldre som er i tvil:
http://www.barnevakten.no/internett-gode-raad/

Ein kan sjølv setja opp eit såkalla “sikkert søk” på Google, den mest brukte søkefunksjonen. Då skal ikkje borna få opp ting som er upassande for deira aldersgruppe:
http://www.barnevakten.no/slik-setter-du-opp-google-sikkert-soek/