Fra Årdalsnett

Lynraskt nett og TV når det passar deg

Ny teknologi gjer at Årdalnett sine kundar no får eit lynraskt breiband som gir brukarane all kapasitet dei har behov for.

Frå 2016 kjem det ein heilt ny standard for breibandsoverføring i kabel-TV-nett. Med denne nye standarden vil ein oppnå nedlastingshastigheiter som langt overgår det ein tidligare hadde.

Spel, filmar og live sport kan sjåast samstundes over nett utan irriterande hakking.

– Alle kundar i kabel-TV-nettet vil med den nye teknologien få tilgang til alle nye tenester utan gravearbeid. På landsbasis representerer det innsparingar på fleire milliardar kroner, forklarar Odd Øren, dagleg leiar i Årdalsnett før han understrekar;

– Auken i breibandskapasitet går ikkje på kostnad av overføringa av TV-kanalar.

Heimekontor og onlinespel
Tenk deg at du har heimekontor og store, tunge filer som skal lastast opp innan ein tidsfrist, samstundes som borna er heime og brukar nettet til å høyra musikk og spela tunge onlinespel? Der dette tidlegare innebar uføreseieleg og treg opplasting som gjerne også stoppa opp, vil ikkje dette lenger bli noko problem.

– Den nye kapasiteten vil fint takla dette. Det blir en ny kvardag for familiar med mange nettbrukarar, held Øren fram.

årdalsnett
Dagleg leiar i Årdalsnett Odd Øren har stor tru på fremtidas lokale breiband!

Sjå TV når og kvar du vil
Årdalsnett leverer TV-pakker frå Canal Digital, som er Nordens største TV-distributør med rundt 170 kanalar å velje mellom. I desse dagar blir det jobba med å installera den fulle T-We-løysinga frå Canal Digital. Denne inkluderer fleire kanalar og ulike tilleggstenester, som TV på nettbrettet, leige av film, og at du kan sjå programma når det passar deg. Også på PC og nettbrett.

– Dette innebèr ein helt ny fridom; du kan sjå yndlingsserien når du vil og kvar du vil, til og med ta den med i senga utan å måtte installera TV på rommet. Det held å ta med nettbrettet.

– Canal Digital har også sett av kanalplass til ein informasjonskanal som i samarbeid med Porten.no skal utviklast vidare. Her har me mellom anna sendt kommunestyremøter i Årdal og Lærdal. Denne kanalen vert tilgjengeleg i HD-kvalitet for alle TV-kundar av Årdalsnett med spennande, lokale nyhende, avsluttar Øren.

Årdalsnett er den største leverandøren av TV- og breibandstenester i Lærdal, Årdal og Filefjell i Vang.