Fra Årdalsnett

Med dette knepet fekk han mykje betre Wi-Fi

NØGD: No kan Sørhage bruke PC’en alle stader i huset utan å bekymre seg for om WiFi-dekninga held eller ikkje.

Slit du med dårleg nett i heimen, kan dette vere løysinga du er ute etter.

Lars Sørhage og familien hans fekk endeleg lagt inn fiber til heimen i Naddvik hausten 2015. Men Wi-Fi-signala har vore ustabilt og ikkje til å stole på.

– Det kunne ta opp mot to timar å laste ned ein film. Å sjekke nettbanken var heller ikkje enkelt. Det kunne ta så lang tid at eg vart automatisk logga ut att, fortel Sørhage.

Fiberen skulle by på 30 megabit opp- og nedlasting, men slik var det aldri via Wi-FI. Nokre gonger låg det på 20 megabit, andre gonger 0,5, og det kunne til og med skje at det heile plutseleg stoppa opp.

GJORDE JOBBEN: Då denne boksen bleik kopla til modemet, fekk Sørhage stabilt nett i heile huset.

– Betrar opplevinga av noko ein allereie betalar for

Det vart gjort oppdateringar på router, men det vart ikkje betre. Så, for tre veker sidan fekk Sørhage løysinga på problemet – AirTies.

– Har du eit hus med to eller tre etasjar, slit ein gjerne med å nå ut til alle rom, kjellerstove, loftstove og barnerom. Det er mange ting som kan forstyrre det trådlause nettet, alt frå mikrobølgjeomn til julebelysninga, forklarar Ove Birger Røneid, montør i Årdalsnett.

Med julelys og trådlaus elektronikk under treet, er varierande nettdekning eit typisk problem no i desember. Då kjem desse forsterkarane godt med.

AirTies er to eller tre boksar som ein set opp ulike stader i huset for å betre opplevinga av det ein allereie betalar for.

Sørhage: – Ingen feil etter me fekk dette
Dei tre boksane er heilt like og vert kopla opp mot modemet ditt. Boksane snakkar saman, og alt ein treng å gjere er å kople dei til straum og pare dei saman.

– Me har hatt dette i tre veker, og det har ikkje vore nokon feil. Me merka det spesielt godt på mobiltelefonen. Sjølv om me er i enden av huset og ikkje har fullt signal, så går det fort. Før kunne me sitja med fullt signal på telefonen, men likevel gjekk det sakte, seier Sørhage.

STORT HUS: Eit hus med fleire etasjar, kronglete planløysing eller mykje armering kan påverke nettsignalet, forklarar Røneid i Årdalsnett.
STORT HUS: Eit hus med fleire etasjar, kronglete planløysing eller mykje armering kan påverke nettsignalet, forklarar Røneid i Årdalsnett.
unnamed-3
FORSTERKAR: Det er denne lille, kvite boksen som sørgjer for at signalet frå modemet yt sitt beste.

Enkelt å setje opp
Alt er kopla til det eksisterande nettet. Det betyr at du har det same brukarnamnet og passordet som før.

– Folk som slit med dårlege opplevingar med nettet, kan få prøve dette gratis i 14 dagar av oss, så kan dei bestemme seg, seier Røneid.

Du kan til og med kople det heile til ein applikasjon på mobiltelefonen din. Her kan du sjå kva boks du er kopla til, eller du kan skru av nettet i eit tidsrom du sjølv ønskjer.

– Dette går heilt av seg sjølv og er veldig enkelt å setja opp. Det er berre å plugge i straumen og vente på tre grøne lys, fortel Sørhage.

 

 

Slit du også med dårleg nett? AirTies passar for deg som har:

  • trådlaus elektronikk 
  • stor bustad eller mykje armering 
  • kronglete planløysing 
  • behov for Wi-Fi i garasjen 
  • smarte lyspærer, sensorar og målarar