Fra Nasjonalparkfestivalen «Under Storen»

10 turopplevingar under Nasjonalparkfestivalen

I månadsskiftet er det igjen klart for ei ellevil helg med konsertar, fjellturar og anna moro i Utladalen. Nasjonalparkfestivalen «Under Storen» er for deg som trivst best ute der elvar og fossar renn fritt og der tindar kneisar opp frå frodige fjelldalar. Som deltakar, kan du møte nye og gamle venner, samt nyta god musikk og god mat og drikke ut i dei lyse sommarkveldane.

Ikkje gløym sekk og gode sko; mellom 29. juni og 2. juli er det sett opp heile ti turar. Anten du ynskjer hardbarka toppturar eller rolig skogsvandring, vil du finne noko som passar.

Lokal fjellentusiast tipsar

— Det er eit veldig bra turutval, både for små og store, seier Terje Solheim.

Han er blant dei ivrigaste fjellgåarane i Årdal og har vore oppom dei fleste toppane i området. Ynskjer du ein lang tur med utfordring, anbefaler han nr. 6, «Guida tur til Avdalen for overnatting».

— Der får du ein fantastisk utsikt ned heile Brendeteigen mot dronninga, altså Vettisfossen.

Terje Solheim meiner ivrige festivaldeltakarar bør klare fire-fem fjellturar. Foto: privat.

Denne tek vel seks timar. Om du ser for deg noko kortare, foreslår han nr. 4, «Guida tur opp Avdalskåri».

— Du kjem rett ut til kanten og får ein heilt spektakulær utsikt. Og litt spenning; der bør du ikkje trakke feil. Samanlikna med den førre turen, er denne litt meir spektakulær og lettare å gå.

 

PS! Hugs turpass (kan nyttast på alle fotturar) på Vipps. Søk opp Nasjonalparkfestivalen eller kode 110905. Velg meny og turpass.

 

1. Guida tur til Heimre Hjelledalen

Bli med vår guide Brita Hunderi Hetle frå Hjelle via utsynspunktet Bråtet til idylliske Heimre Hjelledalen. Terje Hetle ventar på stølen med kaffien klar og gode historiar på lur.

Høgdeskilnad: 75-594 MOH

T/R: ca 2,5 time til Heimre Hjelledalen.

 

2. Kurs i havpadling

Introduksjonskurs i havpadling fredag 30. juni i 3-4 timar. Kvalifiserer til våttkort. Pris: kr. 900,- per person. Oppmøte ved Årdalsvatnet i Øvre Årdal kl 1100. Meld deg på til epost post@bulderogbrak.no eller tlf 975 22 139  innan 29. juni kl 12.

Arrangør: Bulder & Brak Opplevingar

 

3. Guida tur til Bergastøl og Avdalen

Me går frå Trondteigen i Utladalen opp mot Bergastøl, og fleire fantastiske utsynspunkt på vegen. Frå Bergastøl går turen vidare mot Gravdalen, før ein til sist slepp seg ned mot Avdalen Gard.

 

Foto: Rigmor Solem

4. Guida tur opp Avdalskåri

Turen går frå Utladalen Naturhus – Avdalsskåri – Avdalen Gard – Utladalen Naturhus. Turen startar kl 09 ved Utladalen Naturhus.

Turleiar: NPF

 

5. Topptur til Vestre Austanbotntind (2100moh)

Tur frå Berdalsbandet – Vestre Austanbotntind (2100 moh) – Berdalsbandet. Få med deg denne flotte turen som startar kl 09 frå bommen på Tindevegen (oppmøte der). Litt krevjande, men ingen klatring. Turleiar: NPF.

 

Foto: Ole Magnar Nundal

6. Guida tur til Avdalen for overnatting

Har du planar om å bli med på den guida turen til Stølsmaradalen 2. juli? I så fall kan du slå følgje med guiden vår frå Utladalen Naturhus under Skåri alt på kvelden laurdag 1. juli, og gå opp til Avdalen Gard for å overnatta. Etter deilig frukost på Avdalen Gard dagen etter går turen vidare til Stølsmaradalen for lunsj. Ferda går så vidare via Brendeteigen ned til Vetti Gard – der vertskapen vil stå klar med rømmegrauten. Deretter kan ein ta lystig del i markeringa av Folkevegen sitt 40-års jubileum utover ettermiddagen. Retur på Folkevegen til Hjelle og Øvre Årdal når ein sjølv vil.

Tur: Utladalen Naturhus – Avdalen Gard – Stølsmaradalen – Brendeteigen – Vetti Gard – Utladalen Naturhus.

Tid: 6-8 timar t/r

Høgdeskilnad: 75-825 MOH

Påmelding til turleiar Rigmor Solem på tlf +47 959 65 158.

 

Foto: Torunn Todal Laberg

7. Guida tur til Støsmaradalen

Turen startar på Hjelle (v Utladalen Naturhus) kl 08 og går vidare til Avdalen – Stølsmaradalen – Brendeteigen – Vetti Gard. Det blir servert rømmegraut og spekemat ved ankomst Vetti Gard, og det blir lagt opp til at ein skal rekka jubileumsmarkeringa kl 14. Turleiar: Rigmor Solem. Påmeldig til Rigmor Solem på tlf +47 959 65 158

 

Foto: Torunn Todal Laberg

8. Guida tur til Vettisfossen

Turen startar på parkeringsplassen ved Hjellefossen kl 10. Rute: Utladalen Naturhus – Vetti Gard – Vettisfossen. Når de kjem til Vetti Gard, kan de velja å gå opp på Vettismorki for å sjå Vettisfossen ovanfrå, eller å følgja stien inn til foten av fossen. Fritt val! Det blir lagt opp til at ein skal rekka ned til Vetti Gard før jubileumsmarkeringa startar kl 1400.

 

9. Quiz for små og store langs Folkevegen

Barnas Turlag og Utladalen Naturhus stiller med morosame og finuerlege oppgåver å løysa for både store og små på vandringa inn til Vetti Gard. Tema for dagen er at Folkevegen er 40 år og me vonar det blir ei folkevandring innover dalen denne dagen. Flotte premiar blir annonsert i etterkant!

På Vetti Gard er det open kafè der mellom anna rømmegraut og spekemat står på menyen.

Familiekonserten “Morgonfrosken” startar kl 14.00 på Vetti Gard.

Markering av Folkevegen 40 år startar kl 15.00, med musikkinnslag og talar.