Fra Årdal Energi

20 utrykkingar til komfyrbrannar

Fersk statistikk frå DSB viser at det var 20 utrykkingar til komfyrbrannar i Sogn og Fjordane i fjor. Éin enkel komfyrvakt kan løyse problemet og redde heimen din frå å gå opp i røyk.

— Dei fleste sit nok på ei historie om då det heldt på å gå skikkeleg gale på kjøkkenet. Enten om då det ringte på døra, eller då babyen byrja å skrike på soverommet. Litt uoppmerksemd er alt som skal til for at ein brann skal blusse opp og kome ut av kontroll, seier Bjørn Hunshammer ved Det Lokale Elektrisitetstilsyn (DLE).

Flest omkjem i brannar om natta. Då er det ofte unge menneske i alkoholpåverka tilstand som blir råka.

Det er krav til komfyrvakt i alle nye bustader og om det blir lagt opp ny kurs til komfyren. Dei same reglane gjeld for fritidsbustader. Komfyrvakter får du kjøpt hos din elektroinstallatør, hos fleire elektronikkbutikkar, i ei rekke kjøkkenbutikkar og i nettbutikkar.

Totalt i Norge rykka brannvesenet ut til 3 138 brannar i private heimar i fjor, heile 1 344 av desse var brannar eller branntilløp på komfyren.

— Dei fleste komfyrbrannar skjer på dagtid og råkar eldre menneske, men flest omkjem i brannar om natta. Då er det ofte unge menneske i alkoholpåverka tilstand som blir råka. Rusa personar har svekka dømmekraft og merksemd, og kan fort sovne frå komfyren, seier Gaute Johnsgaard, Brannsjef i Årdal og Lærdal.

Slik fungerer komfyrvakta

Komfyrvakten består av ein sensor og ein straumbrytar og er enkel å installere. Sensoren overvakar kokeplatene. Om sensoren oppdagar fare for brann, utløyser han ein alarm. Om ingen reagerer på denne, gjev sensoren beskjed til ein brytar om å kutte straumen til komfyren.

— Hald oppsikt under matlaging, skru av eller demp varmen om du blir avbrote i matlaginga, reingjer ventilator jamleg og pass på at det ikkje ligg brennbare ting for nær koketoppen. Ingen skadar seg av å vente litt på at du skrur av omnen, men mange kan ta skade om du gløymer det, seier Hunshammer.

Kontaktpersonar lokalt:

  • Årdal Energi DLE v/Bjørn Hunshammer tlf. 57 64 86 00
  • Årdal Kommune brannsjef v/Gaute Johnsgaard tlf. 57 66 50 00