Fra Årdal Utvikling

40.000 bilar køyrer forbi i året. No startar prosjektet «Stopp på Torget»

Saman med handel, reiseliv og kultur, startar Årdal Utvikling prosjektet Stopp på Torget. Torget i Øvre Årdal skal få ein utsjånad og innhald som freistar alle besøkande til ein ekstra stopp.

31. januar inviterte Årdal Utvikling besøksnæringane til oppstartsmøte. Om lag 50 interesserte møtte opp for å drøfte korleis ein kunne bidra til eit felles løft i satsinga på handel, reiseliv og kultur. Stopp på Torget vert eit testprosjekt på kor godt vi klarer å samhandle mot felles mål.

Det konkrete resultatet av drøftingsmøtet, vart etablering av tre konkrete prosjekt som skal startast opp i februar:

  1. Bli kjent med Årdal – skilting, handel/aktivitetar i sentrum, opningstider og samarbeid om arrangement
  2. Profilering av handel, reiseliv og aktivitetar knytt til Torget i førsteomgang
  3. Organisering av samarbeidet i besøksnæringa
Kva skal til for å freiste forbikøyrande til å stoppe opp? Det er næringslivet i Årdal no i gang med å diskutere. (Foto: Akriv.)
Kva skal til for å freiste forbikøyrande til å stoppe opp? Det er næringslivet i Årdal no i gang med å diskutere. (Foto: Arkiv.)

Dei ulike delprosjekta skal jobbe raskt for å konkretisere mest mogeleg fram til sommarsesongen 2017. Arbeidet dei legg ned, vil så danne grunnlaget for ei meir grundig satsing for heile Årdal fram mot sommarsesongen 2018.

Årdal Utvikling er svært takksame for den positive viljen besøksnæringa syner for å gjere eit felles løft for Årdal. Denne entusiasmen vil heilt sikkert skape positive resultat for kommunen.