Fra Nasjonalparkfestivalen «Under Storen»

5 aktivitetar for born under nasjonalparkfestivalen

Nasjonalparkfestivalen «Under Storen» er for deg som trivst best ute der elvar og fossar renn fritt og der tindar kneisar opp frå frodige fjelldalar. I tillegg til ei rekkje spennande fjellopplevingar, har born og unge mykje anna å gle seg til. Kanskje kurs i steinaldermat, familiekonsert eller turquiz?

— Barn synst som regel det er kjekkast å gå saman med andre barn. Dei kan og bli motiverte av å finne postane langs vegen om dei tykkjer oppgåvene er artige og interessante, seier Sandra Opheim.

Ho er ein av dei som tek turen til festivalen. Saman med Naturhuset, vil ho og Barnas Turlag lage spennande spørsmål langs vegen til Vetti.

 

 

1. Andletmåling med Mona

Mona Karstensen frå Mona Maskerade målar store og små born frå kl 14 under Skåri. Har du eit favorittdyr eller drøymer du om å vera sommarfugl for ein dag? Mona fiksar det!

 

2. Kurs: Steinaldermat under Skåri

Ved Utladalen Naturhus får du læra å laga mat på ekte steinaldervis; heilgrilling av hjort og tilbereding av reinskjøt i kokegrop. Etter demonstrasjonen vil det vera høve til å kjøpa seg ein tallerken med smaksprøvar av kjøtet med passande tilbehør. Pris for eksotisk grilltallerken: Kr 120,-

Læremeistrar: Rigmor Solem, Erling Offerdal og Tor Odd Kvam.

For å vera sikra plass på kurset og smaksprøvar etterpå, meld deg på til frank@kjelde.no eller ring +47 908 43 189.

 

Foto: ILJotun Turn

3. Kule triks for kids!

Går du rundt med ein turnar i magen? Jotun Turn let deg prøva, og lærer deg gjerne nokre kule triks! Tek du utfordringa? Passar for både store og små 🙂

 

4. Quiz for små og store langs Folkevegen

Barnas Turlag og Utladalen Naturhus stiller med morosame og finuerlege oppgåver å løysa for både store og små på vandringa inn til Vetti Gard. Tema for dagen er at Folkevegen er 40 år og me vonar det blir ei folkevandring innover dalen denne dagen. Flotte premiar blir annonsert i etterkant!

På Vetti Gard er det open kafè der mellom anna rømmegraut og spekemat står på menyen.

Familiekonserten “Morgonfrosken” startar kl 14.00 på Vetti Gard.

Markering av Folkevegen 40 år startar kl 15.00, med musikkinnslag og talar.

 

5. Familiekonsert: Morgonfrosken på Vetti Gard

Morgonfrosken syng songar om store spørsmål og emne som universet, tankane våre, einsemd og kjærleik, til nære og konkrete fenomen som vær og vind, fuglar og froskar. Musikken er inspirert av norsk folkemusikk, så her blir et både vals, halling, rudl og reinlender.

Tekstane er skrivne av Per Olav Kaldestad og henta frå boka ”Når Morgonfrosken syng” og musikken er laga av Annlaug Børsheim. Ho syng og spelar fele og gitar, og ho har med seg den banjospelande klarinettisten Ingemund Askeland frå Etne og felespelaren Mari Skeie Ljones frå Lillehammer.  Dei tre har turnert for Den kulturelle skulesekken i Hordaland og spelt ei rekke konsertar for store og små, og hausten 2016 kom dei med morgonfrosk-plate.

Under Nasjonalparkfestivalen vert konserten framført ute på Vetti Gard, som ein del av markeringa av at Folkevegen er 40 år, og vert arrangert i samarbeid med Bornas Turlag som arrangerer rebusløp og quiz for heile familien på folkevegen fram til Vetti Gard. Og sidan me først er langt inne i Utladalen kan det jo godt henda at det dukkar opp ekte morgonfroskar, kva veit me?

Annlaug Børsheim – gitar, fele, vokal
Ingemund Askeland – klarinett, banjo
Mari Skeie Ljones – fele