Fra Årdal Catering

Stjernekamp-Håvard på Bakeriet i Årdal

Laurdag 20. mai leverer vokalist Håvard Bakke og COVER ME ein tre timar lang energibombe av ein konsert. Gjennom 30 utvalde songar, får besøkjande eit djupdykk ned i karriera til ein av verdas største artistar; Bruce Springsteen.

— Endeleg får me høyre Bruce Springsteen på Bakeriet i Øvre Årdal, kanskje Noregs råaste rockescene. Mange band som er på besøk, meiner akustikken er på nivå med det beste i landet, seier arrangør Henrik Rønningen.

 

Drammens Tidende: Terningkast 5

Konsertopplevinga har imponert ei rekkje anmeldarar. «Tre timar Springsteen-sprengstoff!» skreiv Budstikka, medan Drammens Tidende fylgde opp med «Springsteen-fest! Terningkast 5».

— Vi er ikkje eit coverband; vi er eit tributeband! Vi forvaltar ein idé og ein katalog frå ein artist som legg lista stadig høgare som liveartist, seier Håvard Bakke, hovudvokalist i COVER ME.

Du har kanskje sett han på scena i Stjernekamp, eller som skodespelar i Hotel Cæsar og Kaptein Sabeltann. I 2006 starta han prosjektet med bandet, og i botn låg eit brennande ynskje om å framføre Springsteen. Gjennom ein uslåeleg miks av musikalitet, dynamikk og positiv energi, prøver han å formidle songane som sjefen sjølv.

 

PÅ SKJERMEN: Hovudokalist Håvard Bakke er både musikar og skodespelar. Du kjenner han kanskje att frå Hotel Cæsar, Varg Veum eller Kaptein Sabeltann? (Foto: Anita Søderlind Andersen)

Låtval frå heile karriera 

Det kan sjå ut som at han ikkje er så langt unna. Ifølgje Blood Brothers, Springsteens norske fanklubb, er banded «skremmande likt originalen».

— Det er ubeskriveleg moro, men også eit klart ansvar. Det prøver vi å følgje opp med å plukke låtar frå heile karriera, kjente og mindre kjente, og setje saman nye setlister for kvar einaste konsert, slik at kvar oppleving vert annleis og unik.

— Eller som sjefen sjølv seier: «I can’t promise you life ever after – but I can promise you life right now!» Håpar vi sjåast der ute!

Du kan lese meir på COVER ME si side.


Stad: Bakeriet, Øvre Årdal

Aldersgrense: 18 år

Billett: 300,-

Vel møtt!

COVER ME: 20. mai fyller denne gjengen Bakeriet i Øvre Årdal med tonar frå Bruce Springsteen.