Fra Årdalsnett

Siste sjanse i dag — få fiber til 999,-

I haust startar Årdalsnett si storinvestering i bygda si framtid: utbygging av fibernett skal gje innbyggjarane eit framtidsretta internett- og TV-tilbod av høgste kvalitet. Den siste tida har det kome fleire spørsmål rundt satsinga, og under har me samla opp dei vanlegaste.

 

1. Kvifor er det lurt å bestille fibernett no?

I dag har er dei fleste innbyggjarane i Årdal, både kundar hjå Årdalsnett og andre, kobla til koaksnettet. Koaksnettet dekkjer fint behovet, både no og i nokre år framover, men trafikkauken på internett stig så raskt at før eller seinare må det skje ei oppgradering. Fiber har nesten uavgrensa kapasitet. I tillegg er fibernettet mindre følsomt for vêr og temperaturforandringar, og både kapasitet, svartid og driftsstabilitet vert mykje betre.

Frå fiberutbygginga på Sletterust og i Mannsberg i fjor. I haust byrjar storsatsinga. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

 

2. Kor lenge varer tilbodet kor ein sparer 4.000,-? 

Fram til og med 10. mars kan ein bestille fibernett til 999,-. dersom ein også bestiller internett. Deretter kostar det 4.999,-.

 

3. Kan ein slå til på tilbodet dersom ein berre ynskjer å ha TV og ikkje internett? 

Nei, i denne omgang gjeld tilbodet for 999,- berre for dei som også tingar internett. Dei som har TV og berre skal ha TV, får vere på kabelen dei er. Seinare vil desse få tilbod om å koble seg opp på fiber. Dei som ynskjer å slå til på fibertilbodet, kan velje mellom desse pakkane:

 

4. «Eg bruker ikkje så mykje internett, så det har nok ikkje så mykje å seie for meg»

Sjølv om ein ikkje nyttar seg særleg mykje av internett no, ser me at behovet likevel kjem til å auke. Fleire og fleire tenester og tilbod går føre seg på internett, og ei solid nettløysing kjem til å verte ei etterspurt vare for å halde på verdien til bustaden. Før eller seinare må alle husstandar ha fiber.

 

5. Når begynner utbygginga av fibernettet? 

Utbygginga byrjar hausten 2017.

 

6. Kvar skal fibernettet gravast ned? 

Nøyaktig kvar fibernettet skal liggje, er for tidleg å seie. Dette veit me ikkje før me har fått alle påmeldingar og vidare gjennomfører detaljplanlegging. Fibernettet må planleggast område for område.

7. Når får eg fibernettet? 

Me kan ikkje gje ein spesifikk dato for dette. Utbygginga byrjar i haust, og det vil ta tid å få det klart. Omfanget er stort, og kanskje skal så mykje som 2000 husstandar ha tilkobling. Det kan difor ta år før alt er ferdig. Men som nemnt; dette er ei løysing som alle husstandar om nokre år uansett må ha, og no kan de få det for 999,-.

 

8. Må eg legge nye kablar til alle plassar eg har TV?

Nei, du får behalde den same kablinga i huset ditt som du har i dag. Du får også ha dei same dekoderane og dei same TV-pakkane frå Canal Digital.

(Noko av tilbodet frå Canal Digital. Klikk for å sjå alt.)

9. Kvifor er det eksterne seljarar? 

Dette kjem av at Årdalsnett ikkje har kapasitet sjølve til å drive sal så fort som dette må skje. Årsaka til at det må skje fort, er for å beskytte oss mot at andre aktørar tek marknaden.

Dersom Årdalsnett får samla kundane, vil dette sikre lokale arbeidsplassar. Tanken er også å nytte lokale ressursar når nettet fysisk skal byggast; lokale entreprenørar og lokal fiberkompetanse. I tillegg vil inntektene halde seg i bygda, i motsetnad til om ein utanforståande aktør kom på bana. Desse inntektene vil igjen drysse på innbyggjarane. Mellom anna er Årdalsnett ein sterk støttespelar for idrett og kultur, og me ynskjer å sikre eit rikt tilbod for lokalsamfunnet.

 

10. Får kundar i burettslag også tilbod?  

Ja, burettslag vil også få gode tilbod, men her skal me ha eigne møter. Me vil snakke med kvart av burettslaga for å sjå på korleis det tekniske kan løysast. Dette kjem mellom anna av dei store variasjonane: eitt kan ha 100 leilegheiter, og eit anna kan ha fire.

 

Slå gjerne av ein prat med oss om det er noko meir de lurer på: