Fra Vestlandsforsking

Ledig stilling som forskar på klima- og miljøområdet

Til deg som søkjer nye og utfordrande oppgåver innan oppdragsforsking. Her får du jobbe i tett samarbeid med næringsliv og offentleg sektor, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Ved Vestlandsforsking er det ledig stilling som forskar på klima- og miljøområdet med kunnskap og interesse innafor desse forskingsområda:

  • klimapolitikk
  • industriell økologi
  • energi
  • transport og miljø

 

Utviklande oppgåver og gode nettverk

Vi søkjer etter ein person med doktorgrad, gjerne med erfaring frå arbeidslivet. Søknader frå personar med mastergrad vil òg bli vurderte. Du må vere sjølvstendig og trivast med å arbeide med oppdragsforsking. Vi legg vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, arbeidskapasitet, og evne til å inngå i faglege fellesskap på tvers av disiplinar. Du må vidare ha god munnleg og skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk.

Vi tilbyr fagleg interessante og utviklande oppgåver, godt arbeidsmiljø, gode samarbeidsnettverk, fleksibel arbeidstid, bedriftsidrettslag, gode pensjons- og forsikringsordningar og gode velferdsordningar.

Lønn etter avtale. Arbeidsstad er Sogndal.

 

For nærare informasjon om stillinga:

 

Send søknad med CV, referansar og publikasjonsliste elektronisk til: post@vestforsk.no

 

Søknadsfrist 1. juni. 

 

Jobb midt i eit attraktivt Campus-miljø i Sogndal. (Foto: Falkeblikk AS)