Fra Årdalsnett

Stort ynskje om fiber i Årdal — utbygging vedteke

Etter at Årdalsnett gjekk ut med tilbod om fiber, strøyma påmeldingane på. No er det bestemt at bygginga skal i gang i løpet av sommaren.


— Dette betyr at heile Årdal, med unntak av Offerdalen, får tilbod om moderne og framtidsretta breiband- og TV tenester, seier Odd Øren, dagleg leiar i Årdalsnett.

Heile 2050 husstandar har tinga fiber. Alle burettslag har også teikna kollektive avtalar.

— Me tolkar dette som eit signal på at årdøler har stor tillit til Årdalsnett og at dei har vore nøgde med dei tenestene me har levert hittil, held Øren fram.

 

Parallell bygging på Øvre og Tangen

Årdalsnett har engasjert eigen prosjektleiar for fiberutbygginga. No planleggjer dei i kva rekkjefølgje utbygginga skal skje, men dei veit at den vil foregå parallelt både i Øvre og på Tangen.

— Prosjektet vil starte no før sommarferien, og me tek sikte på å få fiber til alle i løpet av to år. Årdalsnett vil opprette eigne nettsider der kundar kan følge med på framdrift og få informasjon om når «min eigedom» får fiber. Der vil det også bli lagt ut informasjon om graving, eigeninnsats og anna, forlarer Øren.

I GANG: Årdalsnett tek sikte på at alle som har tinga fiber, får det i hus innan to år. (Foto: Synne Asheim Haga/ Årdalsnett)

Store ressursar for å optimalisere tilbodet

Så mykje som mogleg, vert bygd av Årdalsnett med hjelp frå lokale partnarar. Men grunna prosjektet sitt omfang, kjem ein ikkje vekk ifrå at store delar må leggjast ut på førespurnad til større entreprenørar.

— Store ressursar er i sving for å få til dette. Mange må dessverre vente i to år før dei får fiber, men her i Årdal er me trass alt heldige som har dagens HFC-nett som framleis i fleire år kan levere tenester av god kvalitet, seier Øren.

Årdalsnett vil også oppgradere nettet i Lærdal, og om kort tid vil kundane der få gode tilbod.

 

Lærling: — Utfordrande og lærerikt

Kenneth Solheim har jobba i Årdalsnett sidan nyttår, og etter sommaren startar han formelt som lærling. Solheim vert ein av dei som bidreg i fiberprosjektet. Der vil han få opplæring i alle teknologiane eit breibandselskap nyttar.

— Det blir svært spennande og lærerikt å vere med på dette. I eit så stort utbyggingsprosjekt må ein jobbe på ein heilt annan måte enn med dei daglege driftsoppgåvene, seier Solheim.

— Det mest utfordrande vert å planlegge godt nok før prosjektet er i gang. Planlegginga er også det mest keisame, det er meir moro å vere ute og arbeide i nettet og hjå kundane, seier Solheim.

LÆRLING: Kenneth Solheim vil få opplæring i heile prosessen med fiberbygginga. (Foto: Synne Asheim Haga/ Årdalsnett)